Kaipara District

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kaipara District
Remove ads

Kaipara District er eit distrikt i regionen NorthlandNordøyaNew Zealand. Byen Dargaville er administrasjonssenter i distriktet.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Geografi

Kaipara District er dei låge åsområda kring dei nordlege breiddene til Kaipara Harbour, ei stor, naturleg hamn som opnar seg mot Tasmanhavet.

Det grovt sett trekanta distriktet strekkjer seg frå ei avsmaling på halvøya North Auckland Peninsula sør for Maungaturoto i søraust, til skogområdet Waipoua Forest i nordvest, og strekker seg herfrå nedetter vestkysten til Kaipara Harbour. Distriktet er delt i to av elva Wairoa River og tilførsleelvene som tømmer seg i nordenden av Kaipara Harbour.

Remove ads

Populasjon

Byane Dargaville, Maungaturoto og Kaiwaka og områda omkring hadde ved folketeljinga i 2013 eit innbyggjartal på 18 960.[1] Av desse bur om lag 4250 i Dargaville, som er den største busetnaden i distriktet.[2]

Populasjonen er for ein stor del rural, og held til i mindre busetnader som ligg spreidd omkring i det bølgjande landskapet. Området kring Dargaville er kjent for å ha mange innbyggjarar som stammar frå Dalmatia.

Den næraste større byen er Whangarei, 45 km nordaust for Dargaville.

Remove ads

Lokalstyre

Kaiparadistriktet er delt i fire område:

  • Dargaville
  • Otamatea
  • Central
  • West Coast

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads