Kakkmaddafakka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kakkmaddafakka (KMF) er ei norsk indie-rock musikkgruppe. Kakkmaddafakka vart skipa i Bergen i byrjinga av 2000-talet. Det vert omtala som eit av dei beste og mest energiske livebanda i Noreg.[1][2]
Soge
Musikkgruppa vart skipa av brørne Axel og Pål Vindenes, saman med skulekameratane Jonas Nielsen og Stian Sævig i 2004.[3]
Kakkmaddafakka gav ut sin fyrste LP Down to Earth den 24. september 2007, som oppnådde 20. plass i Topp30 i VG-lista i 2007.[4] Dette gjorde bandet nasjonalt kjent, sjølv om responsen var noko negativ.[5]
Bandet vart i 2008 nominert til MTV European Music Award i kategorien for beste norske artist.[6]
I 2014 forlét pianist og medgrunnleggjar Jonas Nielsen bandet, og vart erstatta av Sebastian Emin Kittelsen.
I 2017, etter 12 år i bandet byrja Pål Vindenes eit parallelt soloprosjekt under namnet Pish.[7]
Remove ads
Bandmedlemer
Medlemer
- Axel Vindenes – vokalist, gitar
- Pål Vindenes (Pish) – vokalist, gitar, cello
- Stian Sævig – bass, vokalist, bakvokalist
- Kristoffer Van Der Pas – trommar, bakvokalist
- Sebastian Kittelsen – piano
Tidlegare medlemer
- Jonas Nielsen – piano, vokalist
- Lars Helmik Raaheim-Olsen – slaginstrument, bakvokalist
Diskografi
Album
- Down to Earth (2007)
- Hest (2011)
- Six Months Is a Long Time (2013)
- KMF (2016)
- Hus (2017)
- Diplomacy (2019)
- Revelation (2022)
EP-ar
- Already Your Favourite EP (2007)
- Ontas? (2020)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads