Kalmarsund

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kalmarsundmap
Remove ads

Kalmarsund er eit sund i Austersjøen mellom den svenske øya Öland og landskapet Småland på det svenske fastlandet. Sundet er omkring 130 km langt og mellom 5 og 25 km breitt.

Thumb
Ölandsbron kryssar Kalmarsund.

Det går ei bru over sundet, Ölandsbron.

Namnet

Det eldste belegget for namnet er frå 1000-talet. Ein finn det òg på den sødermannlandske runesteinen Sö 333, som nemner at nokon vart drepen i Kalmarna sundum. «Kalmarsund» blir rekna å vere sekundært til stadnamnet Kalmarnar, no Kalmar, som i sin tur kjem frå det søraustsvenske dialektordet kalm som tyder 'steinrøys' eller 'steinsamling'.[1]

Førhistorie

Området kring Kalmarsund har vore busett sidan steinalderen og bronsealderen;[2] i tillegg har folk frå mellomsteinalderen kryssa sundet på ei isbru i tidleg holocenisbreane byrja å trekkje seg attende frå Öland. Alby er ein av stadane ein har funne spor etter ein busetnad frå tidleg i mellomsteinalderen, då folk kryssa Kalmarsund kring 6000 fvt. Dette er ein av dei eldste kjende mellomsteinalderlandsbyane i Nord-Europa.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads