Kalusj

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kalusj
Remove ads

Kalusj (ukrainsk Калуш, polsk Kałusz) er ein by i lågberga i Karpatane i Ivano-Frankivsk oblast (provins) vest i Ukraina.

Kjappe fakta Land, Oblast ...

Han er ein eigen kommune i oblastet, og er i tillegg det administrative senteret i Kalusj rajon (distrikt).

Viktige lokale næringar er matindustri, produksjon av klede, kjemikaliar, handarbeid, treutskjering og betong.

Remove ads

Historie

Thumb
1889, Kałusz

Kalusjon vart først nemnd som ein busetnad i Halytsjyna i 1437. Byen var ein del av Det polsk-litauiske samveldet, Austerrike-Ungarn og Den andre polske republikken. Byen har framleis eit gammalt rådhus.

Under andre verdskrigen vart innbyggjarane i byen vitne til mange folkeutreinskingar. I 1940 tvinga sovjetarane mange av innbyggjarane til Sibir, mange av dei polske. I 1941-1942 vart den jødiske folkesetnaden i byen myrda av tyskarane, og då krigen var over var det knapt ein einaste jøde igjen i byen. Byen hadde fram til krigen hatt eit livleg jødisk samfunn sidan 1500-talet.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads