Karpatane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Karpatane
Remove ads

Karpatane (rumensk Munţii Carpaţi; polsk, tsjekkisk og slovakisk Karpaty; ukrainsk: Карпати (Karpati); tysk: Karpaten; serbisk: Karpati; ungarsk: Kárpátok) er den austlege fjellkjeda av det store sentrale fjellsystemet i Europa. Ho strekkjer seg 1 500 km langs grensene til Romania, Tsjekkia, Slovakia, Polen, Ukraina, Austerrike, Serbia og nordlege delar av Ungarn.

Thumb
Satellittbilete av Karpatane.
Thumb
Dei sørlege Karpatane i Romania.
Thumb
Dei transilvanske vestlege Karpatane (Apuseni.
Thumb
Dei indre vestlege Karpatane, Tatra i Polen
Thumb
Dei indre vestlege Karpatane, Tatra i Polen
Remove ads

Namn

Namnet 'Karpetes' kan trekkast tilbake til den urindoeuropeisk rota *sker-/*ker-, som det albanske ordet kar (stein) har utvikla seg frå, kanskje via det dakisk ordet som tydde fjell, stein eller kupert. Det gamle polske ordet karpa tydde kupert, undervassfjell, knokete røter eller trestammer. Det vanlege ordet skarpa tyder skarp klippe eller vertikalt terreng.

I seinare romerske dokument vart dei austlege Karpatane kalla Montes Sarmatici. Dei vestlege Karpatane vart kalla Carpates. Namnet Carpates vart først nedteikna av Ptolemaios i hans Geografi. Rundt år 310 vert Karpatane nemnd i Montes Serrorum av Flavius Galerius Valerius Licinianus Licinius.

Namnet på Karparane, eit dakisk folk, kan ha kome frå namnet på Karpatane. Namnet er nedteikna i seine dokument frå Romarriket (Zosimus), og at dei budde på austsida av Karpatane fram til 381. Eit anna alternativ er at fjellkjeda har fått namnet sitt frå det dakiske folket.

Ungarske dokument frå 800-900-talet kallar fjella Thorchal, Tarczal eller stundom Montes Nivium.

I den skandinaviske Hervarar saga, som skildrar gamle germanske segner om kampane mellom gotarane og hunarane, dukkar namnet Karpates opp i den forutseielege germanske forma som Harvaða fjöllum (sjå Grimms lov).

Remove ads

Geografi

Karpatane reiser seg ved Donau nær Bratislava. Dei krinsar rundt Transkarpatia og Transilvania i ein stor halvsirkel, og sveiper så sørvestover og sluttar ved Donau nær Orşova i Romania. Den totale lengda er over 1 500 km, og breidda varierer mellom 12 og 500 km. Karpatane er på sitt breiast på Det transilvanske platået og på det høgaste i Tatrafjella (med Gerlachovský štít på 2 655 m som det høgaste fjellet, ved Slovakia nær den polske grensa). Ho dekkjer eit område på 190 000 km², og er etter Alpane det mest utstrekte fjellsystemet i Europa.

Sjølv om Karpatane ofte vert kalla ei fjellkjede, er dei eigentleg ei gruppe av fjellkjeder. Karpatane har berre få stader over 2 500 meter og manglar dei bratte toppane med omfattande snødekke, store isbrear, høge fossefall og store innsjøar, som er vanleg i Alpane. Ingen område av Karpatane har snødekke året rundt, og har heller ingen isbrear. Dei høgaste områda av Karpatane er ikkje høgare enn dei middelhøge delane av Alpane, og har stort sett det same klima og plantelivet som desse områda.

Karpatane er fråskild Alpane av Donau. Dei to fjellkjedene møtes berre i eit punkt, Leithafjella ved Bratislava. Elva skil òg Karpatane frå Balkanfjella ved Orşova i Romania. Dalane til elvane March og Oder skil Karpatane frå Schlesien og Moravia, som ligg midt i det store sentrale fjellsystemet i Europa. I motsetnad til andre delar av dette systemet er Karpatane, som dannar vasskiljet mellom dei nordlege hava og Svartehavet, omkransa av sletter. Desse er Den pannoniske sletta i sørvest, sletta som vert danna av den lågare delen av Donau (Romania) i sør, og Galitsjasletta i nordaust.

Remove ads

Geologi

Karpatane vart danna under den alpine orogenesen

Inndeling

Horisontal inndeling

  • Dei ytre Karpatane — Ytre vestlege og Ytre austlege Karpatane.
  • Dei indre Karpatane — Indre vestlege, Indre austlege, og resten av Karpatane.

Ein stor del av dei vestlege og nordaustlege delane av dei Ytre Karpatane i Polen, Ukraina og Slovakia vert vanlegvis kalla Beskidane

Vertikal og generell inndeling

Den finare inndelinga av Karpatane frå vest med klokka. Tala refererer til kartet:

  • Vest-Karpatane:
    • 1 Dei ytre Vest-Karpatane:
      • Dei austerrikske og sørmoraviske Karpatane
      • Dei sentral-moraviske Karpatane
      • Dei slovakisk-moraviske Karpatane
      • Vest-beskidiske piedmont
      • Dei vestlege Beskidane
      • Dei sentrale Beskidane
      • Dei austlege Beskidane
      • Podhale-Magura-området
Thumb
Kart over inndelinga av Karpatane.

Den geologiske grensa mellom dei vestlege og austlege Karpatane går om lag langs linja (frå sør til nord) mellom byane Michalovce - Bardejov - Nowy Sącz - Tarnów. I eldre system går grensa lenger aust langs elvane (nord til sør) San og Osława (Polen) – byen Snina (Slovakia) – elva Turia (Ukraina). Biologar set derimot grensa enno lenger aust.

Grensa mellom dei austlege og sørlege Karpatane går ved Predealpasset sør for Braşov og Prahovadalen.

Ukrainarar kallar stundom Aust-Karpatane for Dei ukrainske Karpatane (eller Skogkledde Karpatane), det vil sei hovudsakleg den delen av fjella som ligg i Ukraina (nord for Prisloppasset), medan rumenarane stundom berre kalla den andre delen for Aust-Karpatane, som ligg i Romania (frå grensa av Ukraina eller frå Prisloppasset og sørover).

Rumenarane delar vidare Aust-Karpatane i Romania vidare inn i tre geografiske grupper (nord, sentralt, sør), i staden for Ytre og Indre. Desse er:

  • Carpaţii Maramureşului şi ai Bucovinei (Karpatane i Maramureş og Bucovina)
  • Carpaţii Moldo-Transilvani (Dei moldovisk-transilvanske Karpatane)
  • Carpaţii de Curbură/Carpaţii Curburii
Remove ads

Avtale om vern av Karpatane

Ein rammeavtale for vern og berekraftig utvikling av Karpatane[1] vart signert i 2003 av dei sju landa Karpatane omfattar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads