Kamil Stoch

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kamil Stoch
Remove ads

Kamil Wiktor Stoch (fødd 25. mai 1987) er ein polsk skihoppar frå Zakopane. Han vart verdsmester i skihopp i storbakken under ski-VM 2013 i Val di Fiemme.

Kjappe fakta
Thumb
Kamil Stoch i 2014
Remove ads

Aktiv

Stoch debuterte i verdscupen 17. januar 2004 i heimbyen Zakopane, men kom ikkje til finaleomgangen. Den 11. februar 2005 fekk han sine første verdscupoeng då han vart nummer sju i Pragelato. Stoch deltok i sitt fyrste store ski-meisterskap i VM 2005 i Oberstdorf, der han var med på det polske hopplaget som vart nummer seks i lagkonkurransen.

Under vinter-OL 2006 i Torino vart han nummer 16 i normalbakken og nummer 26 i storbakken. Tre år seinare, i Ski-VM 2009 i Liberec hoppa Stoch seg til ein fjerdeplass i normalbakken, og var dessutan med på det polske laget som kom på fjerdeplass i lagtevlinga.

Stoch lyktest lite i 2010-sesongen, under Vinter-OL 2010 i Vancouver vart han som best nummer 14 i storbakken. Han var elles med på det polske laget som kom på sjetteplass i lagkonkurransen. Same sesongen vart Stoch nummer 16 i VM i skiflyging i Planica.

Vinteren 2011 fekk Stoch sitt store gjennombrot. Han vann verdscuprennet i Zakopane 23. januar, i eit renn den fremste poslke skihopparen, Adam Małysz, vart skadd. Seinare i sesongen vann han også eit renn i Klingenthal. Under Ski-VM 2011 i Holmenkollen vart han nummer 6 i normalbakken og var med på Polens lag som høvesvis vart nummer fire i lagtevlinga i normalbakken og nummer fem i storbakken. Stoch vann i Planica det siste verdscuprennet for sesongen, og kom samanlagt på tiandeplass i verdscupen.

I 2012-sesongen befesta Stoch sin posisjon i verdseliten i skihopping. Totalt gjennom sesongen kom han på femteplass i kampen FIS-pokalen i skihopping, etter mellom anna to sigrar, den fyrste i heimbyen Zakopane og den andre i Val di Fiemme, den eine av dei to hoppbakkane der det året etter vart arrangert verdsmeisterskap på ski.

Etter ein svak start start på 2013-sesongen, kom Stoch tilbake og vart verdsmeister i storbakken under Ski-VM 2013 i Val di Fiemme. Til sist i same meisterskapen var han sterkt delaktig då Polen fekk bronsemedaljen i lagtevlinga, den fyrste medaljen for Polen i ein lagkonkurranse.

Verdscupsigrar

Meir informasjon Nr., Dato ...
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads