Oberstdorf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Oberstdorf er ein by og kommune (tysk Markt) i Oberallgäu i Bayern i Tyskland. Kommunen ligg i dei bayerske Alpane og grensar i sør til Austerrike. Obertsdorf kommune omfattar omfattar 229,9 km² og hyser 9 649 ibuarar (2021). Småbyen Oberstdorf ligg 813 meter over havet.
Remove ads
Oberstdorf er kjent som kurstad og vintersportsstad, og er eit populært utgangspunkt for fjellklatrarar. Med 17 000 gjestesenger og 2,5 millionar overnattingar i året, er Oberstdorf ein av Tysklands turistmagnetar.
I Oberstdorf ligg to internasjonalt kjente hoppbakkar: Schattenberg-bakken, som blir brukt under hoppveka, og ein skiflygingsbakke (Heini Klopfer-bakken) som er den tredje største i verda. Her finn ein blant anna 85 km skiløyper, 20 skiheiser og 44 km med alpinbakker.
Oberstdorf har arrangert verdsmeisterskap på ski i nordiske greiner i såvel 1987, som 2005 og 2021. Noregs troppar vart best i både 2005 og 2021.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Oberstdorf» frå Wikipedia på bokmål, den 8. desember 2008.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
- Informasjon om Oberstdorf
- Oberstdorf - ei virtuell vandring Arkivert 2005-01-29 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads