Kansas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kansas er ein delstat i USA. Hovudstaden er Topeka. Delstaten ligg i Midtvesten og grensar til Missouri i aust, Oklahoma i sør, Colorado i vest og Nebraska i nord. Han har tilnamnet «Sunflower State».
Remove ads
Staten er delt inn i 105 fylke og har 628 byar. Topeka med 121 946 innbyggjarar er den fjerde største byen i Kansas.
Remove ads
Namn
Namnet kjem frå Kansaselva som renn gjennom staten, og stammar frå siouxordet Kansa, som betyr «folk av sønnavinden».

Økonomi
Kansas har det tredje største jordbruksarealet i USA, og produserer en sjettedel av all kveite dyrka i landet. Staten er den nest største kvegprodusenten i USA, etter Texas. Dei største jordbruksrelaterte inntektene kjem frå kveg, sauehald, kveite, durra, soyabønner, bomull, svin og mais. Gardsbruka er høvesvis små etter Midtvesten-standard, så landbrukssubsidiane var i 2006 dei femte høgaste i USA, 623 millionar amerikanske dollar.
Det kjem industriinntekter frå transportutstyr, kommersiell og privat flyverksemd, kjemikaliar, maskiner, klede, olje og gruvedrift. Kansas er den åttande største oljeprodusenten i landet. Staten er også rangert som den åttande største naturgassprodusenten i USA.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads