Durra
kornslag i slekta Sorghum From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Durra, sorghum eller sorgum (Sorghum bicolor eller Sorghum vulgare) er ein eittårig kornplante av slekta Sorghum.[1]
Planten er særleg viktig i tropiske område ettersom han toler tørke svært godt. Framfor alt er han ein viktig mat- og fôrplante i Afrika. Ein dyrker òg durra i tempererte område.
Remove ads
Dyrking
Ein reknar med at menneske tok til å dyrka vill durra fann for rundt 2 000 år sidan i Aust-Afrika, truleg i Etiopia, Sudan eller øvre Egypt. I India og på den arabiske halvøya har ein likevel gjort mykje eldre funn av durra som kan ha vore dyrka.
Afrikanske slavar tok planten med seg til Nord-Amerika tidleg på 1600-talet. USA er i dag verdas største durraprodusent, med 12 mill. tonn av en verdensproduksjon på 56 mill. tonn (2004). Deretter kjem Nigeria og India med 8 og 7 mill. tonn.
Remove ads
Bruk
Dei mange ulike durratypane blir vanlegvis delte inn i fire grupper etter bruksområde:
- Korndurra
- Grasdurra, som blir brukt til beiting og høy
- Sukkerdurra eller søtdurra, som blir brukt til å laga sirup
- Sortar som blir brukt til å laga kostar og børster
I fleire regionar i India lagar ein eit ugjæra brød av durra som blir kalla bhakri. I Nigeria bryggar ein øl og i Kina lagar ein eit brennevin, maotai, av durra.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads