Kapp Leeuwin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kapp Leeuwin
Remove ads

Kapp Leeuwin er det sørvestlegaste punktet i Australia. Det ligg i delstaten Western Australia.

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Kapp Leeuwin med fyrtårnet, sett frå aust

Det finst nokre små øyar og klipper – St. Alouarn-øyane – som går lenger mot sør. Den næraste busetnaden er byen Augusta med rundt 1000 innbyggjarar.

I Australia blir Kapp Leeuwin rekna som punktet der Indiahavet møter Sørishavet, sjølv om dei fleste andre land og Den internasjonale hydrografiske organisasjonen reknar byrjinga av Sørishavet til å først ligga sør for 60°S breiddegrad.[1]

Det fyrste skipet ein kjenner til som vitja området er det nederlandsk skipet «Leeuwin» ('Løvinna'), som kartla kystområdet i 1622. Neset er kalla opp etter dette skipet, av den britiske navigatøren og kartografen Matthew Flinders i 1801.[2] Flinders var den første som segla heile vegen rundt Australia. Bukta austom det vesle neset – Flindersbukta – er kalla opp etter Matthew Flinders sjølv.

Fyrtårnet på neset er bygt av kalkstein og oppført i 1896. Det er 39 m høgt, med ein base 59 m over havnivå. Fyret var betent manuelt fram til 1982.[3]

Området kring fyrtårnet er naturpark og består av heilandskap og tjukt kratt. Det er habitat for eit stort tal plante- og fugleartar.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads