Cabo da Roca
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Cabo da Roca (Kapp Roca) er eit nes som utgjer det vestlegaste punktet på det europeiske og det portugisiske fastlandet. Det ligg i kommunen Sintra vest for Lisboa.
Remove ads
Stad

Neset ligg i distriktet Lisboa, om lag 40 km vest for Lisboa og 18 km vest for byen Sintra i Sintra-Cascais naturpark. Koordinatane, 38°47′N 9°30′W, er skrive inn på ein steinplakett ved monumentet som står på staden. Klippene stig opp av Atlanterhavet til ei høgd på om lag 140 meter over havet.
Remove ads
Historie
Neset vart kalla Promontorium Magnum av romarane. Under seglskutetida var det kjend som Lisboaklippa. Den portugisiske diktaren Luís de Camões (1500-talet) skildra Cabo da Roca som staden «der landet sluttar og havet byrjar» (portugisisk Onde a terra acaba e o mar começa).
Landemerke
Fyret på neset står på toppen av klippa i lag med ein suvenirbutikk. Neset er ein populær turistattraksjon.
Sjå òg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Cabo da Roca» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2008.
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads