Kappedyr

underrekkje av ryggstrengdyr From Wikipedia, the free encyclopedia

Kappedyr
Remove ads

Kappedyr (Tunicata) er ei underrekkje av sjølevande ryggstrengdyr. Dei er omgjevne av ei kappe danna av cellulose og protein som kan veksa med individet og som ikkje trengst skiftast.[1][2] Kappedyra vert rekna for å vera dei næraste slektningane til ryggradsdyra, og dei to gruppene skal ha hatt eit sams opphav som skilde lag med lansettfiskane.[2][3]

Kjappe fakta

Kappedyr har hjarto, og retninga på blodstraumen skifter periodisk.[2][4] Kappedyr er dei einaste dyra som kan laga cellulose. Genet for enzymet som lagar cellulosen, cellulosesyntase, kan dei ha ervt frå ein annan mikroorganisme gjennom horisontal genoverføring.[5]

Kappedyra vert delte inn i tre klassar:

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads