Karakol
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Karakol (kirgisisk Каракол) er ein by i Kirgisistan. Han ligg 1750 moh. ved austenden av den store innsjøen Issyk-Kul, og er administrasjonssenter i Issyk-Kul-provinsen. I sovjettida heitte byen Prsjevalsk etter den russiske oppdagaren Nikolaj Przjevalskij, som døydde her i 1888.[1]

Byen dekkjer eit areal på 44 km², og har eit folketal på 66 294 (2009).[2]
Byen blei grunnlagd som militærstasjon i 1869. Han er industrisentrum i eit rikt jordbruksdistrikt.[1]
Turisme er ein viktig næringsveg, og Karakol er mykje brukt som startpunkt for turar i Tian Shan-fjella. Attraksjoner i sjølve byen er dunganarmoskéen av tre og den russiskortodokse katedralen, også den i tre. Seks kilometer utanfor byen ligger grava til Przjevalskij med ein minnepark og eit museum.
I Mikhailovka-bukta ligg det eit testanlegg for torpedoar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads