Armand-Jean du Plessis de Richelieu
fransk politikar, prest og diplomat From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Armand-Jean du Plessis de Richelieu (9. september 1585–4. desember 1642) var ein fransk statsmann og kjend som «den raude eminensen».[1][2][3] Han var kardinal frå 1622 og hertug av Richelieu og Fronsac frå 1631.

Remove ads
Liv
Richelieu var fødd i ein adeleg familie i Paris. Han slo inn på den kyrkjelege bana, og blei utnemnd til biskop av Luçon i 1606. I 1622 blei han utnemnd til kardinal. Gjennom Maria av Medici sin innverknad blei han hovudminister for Ludvig XIII og frå 1624, ei stilling som han heldt fram til han døydde i 1642.
Målet hans var det eineveldige monarkiet. Uten nåde knuste han opposisjon frå adelen og nedkjempa hugenottane. Utanrikspolitisk prøvde han skapa ei leiarstilling for Frankrike i Europa gjennom å bryta Habsburg-makta. Derfor gav han støtte til den svenske kungen Gustav II Adolf og dei protestantiske fyrstane i Tyskland, og trekte inn Frankrike i trettiårskrigen i 1635.
Richelieu si omorganisering av embetsverket og konsentrasjonen av makta til sentraladministrasjon danna grunnlaget for den franske stordomstida på 1600-talet, og blei normgjevande for styret til Ludvig XIV og kardinal Mazarin. På grunn av stadig aukande skattebører, som framfor alt ramma borgarar og bønder, lukkast han likevel aldri med å vinna støtte frå det breie folket.[4]
Richelieu hadde ein privat garde av livvakter som omgav han og verna han, til og med i det kongelege slottet. Palasset hans – Palais-Cardinal, det seinare Palais-Royal – var meir briljant, meir kunstnarisk utsmykka og meir fylt av statsmenn, offiserar, supplikantar, kunstnarar og forfattarar enn Louvre, der kongen heldt til.[5] Kardinalen var motvillig til at ein vende seg direkte til kongen i staden for til han med nokon som helst spurnad. Han hadde ei årleg inntekt på 3 millionar livre.[5]
Ambisjonen hans var at fransk skulle erstatta latin som det generelle språket i den siviliserte verda. For å reinska opp språket grunnla han i 1635 Det franske akademiet, som fekk som oppdrag å utvikla og nøyaktig bestemma språkforma og dessutan kommunisera grunnlaga for retorikk og poetikk.[5]
Richelieu er gravlagd i Sorbonnekapellet; gravmonumentet hans blei utført av François Girardon.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads