Karin Andersen

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Karin Andersen
Remove ads

Karin Andersen (fødd 16. desember 1952 i Kongsvinger) er ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti som er kjend for innsatsen sin for kampen mot fattigdom og inkludering av ulike grupper i samfunnet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Hedmark fylke i 1997, og var vararepresentant i perioden 19891993. Andersen er busett i Hamar.[1]

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

Karin Andersen arbeidde som barnehageassistent frå 1977 til 1997, og studerte i vaksen alder samfunnsplanlegging ved Universitetet i Tromsø (1996) og Høgskolen i Lillehammer (1996–1997).

På Stortinget har ho vore medlem av Fullmaktskomiteen (1997–2001), Kommunalkomiteen (1997–2001 og 2001–2005), Valkomiteen (2001–2005), Den utvida utanrikskomiteen (2001–2005) og leiar av Arbeids- og sosialkomiteen (2005–2009). I perioden 2009–2013 er ho fyrste nestleiar i Arbeids- og sosialkomiteen. Frå 1999 til 2005 var Andersen parlamentarisk nestleiar i SV.

Andersen var fylkestingsmedlem frå 1987 til 1995, og fylkesvaraordførar i Hedmark i perioden 19911995. Ho var medlem av Kongsvinger kommunestyre frå 1983 til 1997, éin av periodane (1987–1991) var ho også formannskapsmedlem. Andre politiske verv ho har hatt er leiar av Hedmark SV (1986–1987) og medlem av hovudstyret (1985–1987), landsstyret (1985–1988 og 1995–1996) og sentralstyret (1995–1996) i SV.

Ho fekk Klar Tale-prisen i 1998, for å setje det vanskelege offentlege språket på dagsorden,[1] og prisen Årets Fattigmann i 2008,[2] for bidraget hennar til kampen mot fattigdom.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads