Karin Balzer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Karin Balzer
Remove ads

Karin Balzer (fødd Karin Richert, 5. juni 1938) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Magdeburg. Ho vart olympisk meister på 80 meter hekk i 1964, og vann tre strake EM-gull på same korthekken i tida 1966-71. Balzer tevla for Aust-Tyskland.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Balzer deltok for det alltyske laget under sommar-OL 1960 i Roma, men vart slått ut på spesialdistansen 80 m hekk. I 1962 tok ho sølvmedaljen på same distansen under friidretts-EM i Beograd.

Balzer opplevde sin fyrste store triumf då ho vann korthekken under dei olympiske leikane i Tokyo i 1964. I 1966 sikra ho seg i Budapest den fyrste av tre EM-titlar i hekkeløp, seinare vann ho i Aten i 1969 og i Helsingfors 1971, då korthekkøvinga var forlenga til 100 meter hekk. Meisterskapen i Helsingfors gav henne også ein sølvmedalje på 4x100 m staftt med det austtyske laget. Innimellom EM-triumfane vann ho korthekken under Europacupen for lag både i 1967 og 1970.

Under sommar-OL 1972 i München avslutta Balzer si lange karriere med ein bronsemedalje på 100 m hekk.

I åra 1962-72 vann Balzer 12 gullmedaljar i austtyske meisterskap, flest på korthekken, men også i femkamp, lengdehopp og på 200 m.

Sonen Falk Balzer tevla på høgt internasjonal nivå på 110 m hekk.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads