Karin Fossum

norsk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Karin Fossum
Remove ads

Karin Fossum (fødd 6. november 1954 i Sandefjord) er ein norsk forfattar. Jentenamnet hennar var Karin Mathisen, og dei fyrste bøkene hennar er skrivne under det namnet. Ho er mest kjend som krimforfattar, og krimbøkene hennar er omsette til fleire språk.

Kjappe fakta

Ho debuterte i 1974 med diktsamlinga Kanskje i morgen, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.

Karin Fossums kjente kriminalromanar har etterforskaren Konrad Sejer i hovudrolla. Til no er det kome åtte romanar om sakene han løyser; Evas øye (1995), Se deg ikke tilbake! (1996), Den som frykter ulven (1997), Djevelen holder lyset (1998), Elskede Poona (2000) og Svarte sekunder (2002). Ho fekk Brageprisen for Elskede Poona, og alle desse romanane har vorte filmatiserte.

I tillegg til dei suksessfulle krimbøkene har Fossum skrive novellesamlingane I et annet lys (1992) og Søylen (1994), og romanane De gales hus (1999), Jonas Eckel (2002) og Natt til 4. november (2003). De gales hus er ein roman frå innsida av ein psykiatrisk institusjon, medan Jonas Eckel handlar om ein litt spesiell mann og det litt spesielle forholdet han har til ei kvinne. Natt til 4. november handlar om eit foreldrepar som må leve i uvisse når dottera brått forsvinn.

Remove ads

Bøker

  • 1974 Kanskje i morgen diktsamling
  • 1978 Med ansiktet i skyggen diktsamling
  • 1992 I et annet lys novellesamling
  • 1994 Søylen novellesamling
  • 1995 Evas øye kriminalroman
  • 1996 Se deg ikke tilbake! kriminalroman
  • 1997 Den som frykter ulven kriminalroman
  • 1998 Djevelen holder lyset kriminalroman
  • 1999 De gales hus roman
  • 2000 Elskede Poona kriminalroman
  • 2002 Svarte sekunder kriminalroman
  • 2002 Jonas Eckel roman
  • 2003 Natt til fjerde november roman
  • 2004 Drapet på Harriet Krohn kriminalroman
  • 2004 Noveller i utvalg novellesamling
  • 2006 Brudd roman
  • 2007 Den som elsker noe annet kriminalroman
  • 2008 Den onde vilje kriminalroman
  • 2009 Varsleren kriminalroman
  • 2013 Carmen Zita og døden kriminalroman
  • 2014 Helvetesilden kriminalroman
  • 2016 Hviskeren kriminalroman
  • 2018 Formørkelsen kriminalroman
Remove ads

Filmatiseringar av Karin Fossums bøker

  • Evas øye spelefilm for kino. Regissør: Berit Nesheim. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
  • Se deg ikke tilbake fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
  • Djevelen holder lyset fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
  • Elskede Poona fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
  • Den som frykter ulven spelefilm for kino. Regissør: Erich Hörtnagl. Konrad Sejer spelt av Lars Bom.
  • Svarte sekunder fjernsynsserie under arbeid. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
Remove ads

Prisar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads