Karin Krog

norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Karin Krog
Remove ads

Karin Krog Bergh (fødd 15. mai 1937) er ein norsk jazzsongar. Ho er rekna som ein av dei fremste norske jazzvokalistane.

Remove ads

Liv og virke

Karrieren til Krog byrja på jam sessions i Penguin Club i Oslo i 1955, og ho vart engasjert sekstetten til Kjell Karlsen. Ho vart etter kvart også kjend gjennom radioen. Då den fyrste jazzfestivalen i Molde vart arrangert, song ho der med kvartetten til Kjell Karlsen.

Frå 1962 hadde Krog si eiga gruppe, men samarbeidde også med kvintetten til Frode Thingnæs og trioen til Egil Kapstad. I 1964 gav ho ut sitt fyrste soloalbum, By Myself. I 1965 var ho med på å danne Norsk Jazzforum, der ho blant anna var leiar.[1]

I 1969 byrja Krog å studere song hos Ivo Knecevic. I dei følgjande åra samarbeidde ho med ei rekkje kjente nasjonale og internasjonale musikarar, som Jon Christensen, Niels-Henning Ørsted Pedersen, Kenny Drew, Don Ellis, Archie Shepp, John Surman, Red Mitchell og Bengt Hallberg.[2][3]

Krog har fått ei rekkje prisar, blant anna Buddyprisen, Radka Toneff Minnepris og Spellemannprisen fire gongar. Ho er også riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (2005).[4]

Krog var gift med programsekretæren og jazzhistorikaren Johs. Bergh frå 1957 til han døydde i 2001. Dei har to barn, Cathrine Bergh og Dot Elisabeth Bergh. Krog er oldebarn av musikaren og komponisten Anders Heyerdahl.[5]

Remove ads

Prisar og utmerkingar

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads