Karl August av Waldeck og Pyrmont
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Karl August Friedrich av Waldeck og Pyrmont (24. september 1704–29. august 1763) var fyrste av Waldeck og Pyrmont og kommandant for dei nederlandske styrkane under den austerrikske arvefølgjekrigen.
Han var andre son av Friedrich Anton Ulrich av Waldeck-Pyrmont og Louise av Zweibrücken-Birkenfeld.. I 1728 døydde faren og den eldre broren Kristian Filip, så han vart den nye fyrsten.
I den austerrikske arvefølgjekrigen vart han utpeikt som kommandant av den nederlandske armeen av statsgeneralen av Nederlanda, som ei motvekt til Vilhelm IV av Orange, som var heilt avhengig av svigerbroren hertugen av Cumberland.

Den nederlandske armeen under Waldeck vart slått i slaget ved Fontenoy, slaget ved Rocoux og slaget ved Lauffeld.
I 1746 vart han feltmarskalk i Det tysk-romerske riket.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Karl August, Prince of Waldeck and Pyrmont» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads