Slaget ved Roucoux
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Slaget ved Rocoux fann stad 11. oktober 1746 som ein del av den austerrikske arvefølgjekrigen utanfor byen Liege i Belgia og enda med siger til Frankrike over ein allianse mellom Austerrike, Storbritannia, Hannover og Dei sameinte Nederlanda.
Remove ads
Manøvrer føre slaget

Den franske armeen vart kommandert av marskalk Saxe og armen til dei pragmatiske allierte av fyrst Karl av Lorraine og Austerrike og den britiske generalen Sir John Ligonier. Saxe hadde nesten gjennomført felttoget sitt for å ta Flandern og truga med å invadere Holland. Dei allierte fann posisjonar ved Liege, med nederlendingane under Waldeck til venstre for Liege til Rocoux, britane og hannoveranarane i midten og austerrikarane til høgre nær elva Jaar
Remove ads
Slaget
Det franske hovudåtaket gjekk mot den nederlandske delen på venstreflanken av den allierte linja mellom Liege og Rocoux, og franskmennene sigra kraftig i tredje åtaket.[5] Etter kvart som franskmennene rykte nærmare starta den allierte linja å vike. Austerrikarane på høgreflanken deltok ikkje i slaget enno og gjorde ingen forsøk på å ta initiativet og rykke fram mot den eksponerte franske venstreflanken. Kavaleriet til Lingonier og nokre britiske infanteristar danna ein baktropp som heldt franskmennene unna medan dei trekte seg tilbake. Franskmennene vann slaget og erobra like etter Liege.
Remove ads
Etterverknad
Dette var den andre av tre store sigrar for Saxe, etter Fontenoy og før Lauffeld. Franskmennene vann slaget og med å ta Liege fjerna dei austerriksk kontroll over Nederlanda.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads