Karl Marthinussen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Karl Martin Marthinussen (26. november 18901965) var ein norsk prest og forfattar frå Bergen. Han var biskop i Stavanger bispedømme frå 1949 til 1960.

Kjappe fakta

Marthinussen, som var son til ein papirhandlar, vart cand.theol. i 1914. Frå 1916 til 1930 var han så i presteteneste ved St. Jakob kyrkje i Bergen. Deretter var han i tida 1930 til 1948 fyrst residerande kapellan og sidan sokneprest i Sandviken prestegjeld, også det i fødebyen. I 1949 tok han over som biskop i Stavanger bispedømme, ein posisjon han hadde til 1960.

Marthinussen var ein forkjempar for fråhaldssaka, ein av dei fremste i landet til å målbere edruskapsrørsla sine synspunkt i tale og skrift. Såleis mangeårig medlem av Statens Edruskapsråd.

Over ein periode på førti år skreiv Marthinussen mangel bøker og hefte, både lærebøker, diktsamlingar og eit trebandsverk om «Store menn i tankenes verden».

I lokalpolitikken engasjerte han seg for Kristeleg Folkeparti.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads