Karl Seglem

norsk musikar, komponist og plateprodusent From Wikipedia, the free encyclopedia

Karl Seglem
Remove ads

Karl Seglem (fødd 8. juli 1961 Årdalstangen) er ein norsk musikar (saksofon og bukkehorn), komponist og plateprodusent. Seglem er kjend frå ei rekkje innspelingar med jazz og folkemusikk i kombinasjon og som leiar av sitt eige plateselskap, NORCD, sidan 1991.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Seglem vart utdanna ved musikklinja på Voss folkehøgskule (1978–80), før han i Bergen samarbeida med Arvid Genius, Jan Grieg kvartett, Kenneth Sivertsen (1980–92) og Knut Kristiansen på 1980-talet. Han leia og sitt eige orkester «Growl», skreiv for Jazznytt og var politisk aktiv i Foreningen norske jazzmusikere.

Som soloartist har han gjeve ut åtte album. Det lange samarbeidet hans med perkusjonist Terje Isungset har hatt form av duoen Isglem og trioen Utla der også hardingfelespelar Håkon Høgemo bidreg. Båe har resultert i fleire utgjevingar på eige selskap. Med poeten Jon Fosse har han to utgjevingar. Seglem har turnert omfattande for Rikskonsertene og Den norske jazzscene.

Remove ads

Diskografi

Soloalbum

  • Waves (2015)
  • Live in Germany (2015)
  • WorldJazz (2015)
  • Lærad (The tree) (2015)
  • Som spor (2014)
  • NyeSongar.no (2013)
  • Ossicles (2010)
  • NORSKjazz.no (2009)
  • Skoddeheimen (2009)
  • Draumkvedet (2009) (med Berit Opheim Versto)
  • Urbs (2007)
  • Dikt (2006) (med Jon Fosse)
  • Reik (2005)
  • Femstein (2004)
  • New north (2004)
  • Nye nord (2002)
  • Spir (1998)
  • Struggle for life (1998) (filmmusikk Norsk Villakssenter)
  • Tya (1997) (med Reidar Skår)
  • Prosa (1996) (med Jon Fosse)
  • Rit (1994)
  • Sogn-a-Song (1991)
  • Poems for trio (1988)
Remove ads

Bibliografi

Bøker

I bøker

  • 1983 Pao sågnamaol : frå skrivetevlingane skipa til av Sogn Mållag (Naustdal: Sogn og Fjordane Magasin)  [Av innhaldet: Sågna-elegi (frao ain gamadl kadl) / Karl Seglem]
  • 2007 Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-107-8  [Av innhaldet: Syng ein song / Karl Seglem]
  • 2009 Eventyrboka (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-138-2  [Av innhaldet: Første fabel om Opus / Karl Seglem]
  • 2011 Trøysteboka (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-166-5  [Av innhaldet: Ologningane på det blå fjellet / Karl Seglem]
  • 2013 Monsterboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-191-7  [Av innhaldet: Gnaolaradn og Ævrakliv / Karl Seglem]
  • 2016 Fantasiboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-239-6  [Av innhaldet: Opus og dei fargerike bålleskvattane / Karl Seglem]

I tidsskrift - eit utval

Remove ads

Prisar, utmerkingar og stipend (utval)

  • 2012 - NOPA sin musikkpris for tingingsverket Som spor
  • 2012 - Årets Årdøl
  • 2012 - Egil Storbekkens musikkpris
  • 2012 - Statens kunstnarstipend (1 år)
  • 2010Buddyprisen (norsk jazz høgaste utmerking)
  • 2010 - Komponistenes Vederlagsfond fordjupingstipend (2010 - 2011)
  • 2010 - Statens kunstnarstupend (1 år)
  • 2010Folkelarmprisen for Ossicles
  • 2004 - Statens kunstarstipend (1 år)
  • 1998Edvard-prisen i klassen populærmusikk – større verk, saman med Reidar Skår for Tya
  • 1998Gammleng-prisen i open klasse
  • 1983Årdal Kommunes Kulturpris

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads