Kate Miller-Heidke

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kate Miller-Heidke
Remove ads

Kate Miller-Heidke (uttalt /ˈhaɪdki/; fødd 16. november 1981 i Brisbane) er ein australsk songar, låtskrivar og skodespelar. Sjølv om ho er klassisk skolert, har ho ein etablert karriere innan alternativ pop. Ho skreiv kontrakt Sony Australia, Epic i USA og RCA i Storbritannia, men er no ein uavhengig artist. Miller-Heidke representerte Australia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Zero Gravity».

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Miller-Heidke vart uteksaminert frå St Aidan's Anglican Girls' School i 1998, og tok seinare ein bachelorgrad i musikk og klassisk song ved Queensland Conservatorium of Music, etterfulgt av ein mastergrad i musikk ved Queensland University of Technology. Som klassisk songar har ho vunne fleire prisar, inkludert Elizabeth Muir Prize (2000), Donald Penman Prize (2001), Linda Edith Allen Memorial Prize (2002) og Horace Keats Prize (2002). Miller-Heidke har opptredd i Orpheus in the Underworld (2000), Venus og Adonis (2002) og The Pilgrim's Progress (2002).[1][2]

Miller-Heidke spelte i fleire band i Brisbane før ho starta som soloartist i 2002. I 2006 skreiv ho kontrakt med Sony Australia,og slapp sin tredje EP, Circular Breathing, same år, etterfulgt av debutalbumet Little Eva 15. juni 2007. Albumet vart sertifisert med gull i Australia.[3] Det andre albumet til Miller-Heidke, Curiouser, vart sloppe i Australia 18. oktober 2008.

I februar 2019 vann Miller-Heidke den australske songtevlinga Eurovision – Australia Decides med songen «Zero Gravity» på tv-kanalen SBS. Gjennom sigeren fekk ho representere Australia i Eurovision Song Contest 2019.[4] Der enda ho på ein niendeplass i finalen.[5]

Remove ads

Diskografi

Album:

  • Little Eve (2007)
  • Curiouser (2008)
  • Fatty Gets a StylistLiberty Bell utanfor Australia (2011)
  • Nightflight (2012)
  • O Vertigo! (2014)

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads