Katmandu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Katmandu
Remove ads

Katmandu (nepali काठमाडौं, newari ये, Yen) er hovudstaden i Nepal og ligg i Katmandu-dalen mellom Himalaya i nord og Mahabharat-fjella i sør på 1 325 meter over havet.

Kjappe fakta Kathmandu काठमाडौं [kɑːʈʰmɑːɳɖuː], येँ, येँ देय्‌ ...

Katmandu vart grunnlagt i 723 og var eit sjølvstendig kongedøme fram til 1769, då herskardynastiet Shah erobra byen og slo han saman med dei to andre bykongedøma i Katmandu-dalen. Desse to byane var Patan, rett sør for Bagmati-elva, og Bhaktapur 12 km søraust for Katmandu. Byen var isolert frå omverda i fleire hundreår, og vart ikkje opna for utanlandsk hjelp og immigrasjon før i 1950-åra.

Dette har skapt eit unikt område med ei rekkje bygningar som står på UNESCO si liste over verneverdige kulturminne. Byen har 450 000 innbyggjarar.

Thumb
Lakhedans i Katmandu.

Durbar-kvartalet er sentrum i gamlebyen, eit område av hovudstaden som er fullt av tempel og heilage stader. Dette er trekkplaster nummer éin for alle turistane som kjem til byen.

Byen ligg på ein svært jordskjelvutsett stad, og byen har nærast vore jamna med jorda fleire gonger. Ein reknar med at det vil kome eit nytt skjelv om kort tid som vil få katastrofale følgjer. Bygningsmassen er låg, men han er ikkje bygt for å stå imot jordskjelv. Folk bur tett og vasskvaliteten er allereie elendig.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads