Katrine Sele

norsk journalist og forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Katrine Sele
Remove ads

Katrine Sele (fødd 17. august 1972) er ein norsk journalist og forfattar. Ho er fødd i København, vaks mellom anna opp i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore, og er busett på Vassenden i Sunnfjord kommune.

Kjappe fakta

Ho har gjeve ut artikkelsamlinga Månen er så liten som ein katt (2000), Tvisynt tvilar - eit Oddvar Torsheim-portrett (2001) og Herifrå (2006), eit samtidsdokument om Sogn og Fjordane og Kenneth – historia om Kenneth Sivertsen (2013).

Sele er tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag i 2000 og 2005, Sivleprisen (Sivlelaget) i 2008 for framifrå nynorsk, Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012 og Språkprisen for 2021.

I 2020 fekk ho Samlagsprisen.

Sele vart tilsett som kulturjournalist og -kritikar i Firda i 1998. I 2013 vart ho tilsett som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Per 2021 jobbar ho på Høgskulen på Vestlandet.

Remove ads

Bibliografi

Bøker

  • 199? Zuid en noord <utstillingskatalog> = Nord og sør (Dordrecht)  [Tekst av Katrine Sele]

I bøker - eit utval

  • 2007 Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-521-7151-8  [Av innhaldet: Rosa prinsesse bestemmer alt / Katrine Sele]
  • 2007 Eventyrboka (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-138-2  [Av innhaldet: Kokken frå Calabria / Katrine Sele]
  • 2011 Trøysteboka (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-166-5  [Av innhaldet: Rita for alltid / Katrine Sele, s. 162-173]
  • 2013 Det fleirspråklege Noreg (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-190-0  [Av innhaldet: Kose med deg på Sande / Katrine Sele, s. 58-69]
  • 2014 Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Eg var der, men du var ein annan plass / Katrine Sele]

I tidsskrift - eit utval

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads