Selja
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Selja er ei øy i Stad kommune i Vestland. Øya ligg i Sildegapet sør for Stad og har eit areal på 1,6 km². Det bur om lag 9 fastbuande på øya. Alle bustadhusa er i dag på sørsida av øya. På sørsida ligg også tuftene etter kyrkja som stod på Selja før ho vart flytta til Selje og seinare til Leikanger på Stad.
St. Sunniva kloster ligg på nordsida av øya. I følgje segna dreiv den heilage Sunniva i land på Selja på slutten av 900-talet. Klosterruinane og grotta der Sunniva visstnok døydde er i dag eit populært turistmål.
Staden er kjent frå mellomalderen som «Seljumannshamn», på nederlandsk og engelsk «Salmanshaven»,[1][2][3][a][4][b] eit namn som finst på mange kart og i historiske dokument. Namnet kjem av «dei sæle (kristne) mennene» som soga seier døydde saman med Sankta Sunniva. [c][5]
Remove ads
Galleri
- Alter i Albanuskyrkja
- Smia
- Terrassemur framfor Sunnivakyrkja
- Alter i Mikaelskyrkja
- Helleren framfor Mikaelskyrkja
- Sunnivakjelda
- Runestein i tårnet
- Kyrkjegarden
- Del av van Keulen sitt kart
- Del av kartet i The English Atlas
Merknadar
- Mercator sin nullmeridian var i bruk i 1682, denne gjekk ved Fuerteventura (14°1'V), då blir 62N 19A Refviksanden på Vågsøy. Jf. Prime meridian på Engelsk Wikipedia.
- Anders Kvernberg står bak Redditkontoen Pisseguri82, sjå https://www.nrk.no/kultur/norsk-bibliotekar-oppdaget-svaert-sjeldent-kart-1.12750747
- Jf. Seljumannamesse på Bokmålswikipedia.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads