Kay Smits

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kay Smits
Remove ads

Kay Kirsten Evert Smits (fødd 31. mars 1997) er ein nederlandsk handballspelar som sidan 2025 spelar for tyske Gummersbach. I 2023 var han med å vinne EHF-meisterligaen for SC Magdeburg. Han er ein kjapp og fintesterk midtre rykkromspelar (playmaker).

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Klubbspel

Etter å ha spelt to år for Limburg Lions, flytta Smits i 2016 til den tyske andredivisjonsklubben Wilhelmshaven. I 2018 skreiv han kontrakt med danske Tvis Holstebro, der han vart verande i tre sesongar. Deretter gjorde han 2021-23 teneste hos det tyske topplaget SC Magdeburg. 2021/22-sesongen bidrog Smits til at Magdeburg steig til topps i bundesligaen. Eitt år seinare vart han toppskårar med 8 fulltreffarar då Magdeburg sigra over KS Kielce i finalen i EHF-meisterligaen 2023. Perioden 2023-25 var han aktiv i Flensburg-Handewitt. Våren 2024 tok han del då det tyske mannskapet triumferte i EHF-europaligaen. Også våren 2025 vann Flensburg-Handewitt den same turneringa, utan Smits kom på bana i finalespelet. Frå hausten 2025 spelar for han for tyske Gummersbach.

Landslagsspel

Smits fekk sin landslagsdebut 11. juni 2016 og har pr juni 2025 delteke i 88 landskampar og skåra 406 mål.

Merittar

  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2023 for SC Magdeburg
  • Vinnar av EHF-europaligaen: 2024, 2025 for Flensburg-Handewitt
  • Tysk bundesligameister: 2022 for SC Magdeburg
  • Vinnar av DHB-pokalen: 2022 og 2023 for SC Magdeburg
  • Finalist i EHF-europaligaen: 2022 for SC Magdeburg
  • Belgisk-nederlandsk seriemeister: 2015 og 2016 for Limburg Lions
  • Belgisk-nederlandsk cupmeister: 2015 og 2016 for Limburg Lions
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads