Keira Knightley
britisk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Keira Christina Knightley (fødd 26. mars 1985) er ein britisk skodespelar.
Knightley har spelt i ei rekkje mindre kjende filmar, og spelte mot Natalie Portman i Star Wars episode 1, der Knightley hadde rolla som tenaren til dronninga. Gjennombrotet kom med ei hovudrolle i filmen Bend it like Beckham. Seinare fekk ho svært gode kritikkar for Pirates of the Caribbean, der ho spelte mot Orlando Bloom og Johnny Depp. Same år hadde ho òg ein rolle i filmen Love Actually, som likevel ikkje vart ein umiddelbar suksess. Knightley har spelt mot skodespelarar som Adrien Brody, Mickey Rourke, Hugh Grant, Clive Owen og ei rekkje andre. I ein alder av tjue hadde ho allereie vore nominert til Oscar for beste kvinneleg hovudrolle i filmen Pride and Prejudice.
Remove ads
Bakgrunn og oppvekst
Knightley vart fødd i Teddington i Richmond upon Thames i England som dotter av Sharman Macdonald, ein prisvinnande dramatikar, og Will Knightley, ein teater- og TV-skodespelar. Faren hennar er engelsk medan mora hennar er skotsk og delvis walisisk.[1] Ho har ein eldre bror, Caleb, som vart fødd i 1979.
Frå fjortenårsalderen jobba ho både som modell. Knightley har òg studert dans, har dysleksi[2] og heiar på fotball-laget West Ham.
Remove ads
Karriere
Knightley deltok i fleire fjernsynsfilmar på midten og mot slutten av 1990-talet før ho fekk rolla som Sabé, lokkedua til Padmé Amidalas, i science fiction-filmen Star Wars Episode I: Den skjulte trussel. Knightley fekk rolla grunna likskapen hennar med Natalie Portman som spelte Padmé. Det vart sagt at mødrene til dei to skodespelarane hadde vanskar med å skilja døtrene sine frå kvarandre når dei var sminka.[3] Knightleys første hovudrolle kom i 2001 då ho spelte dottera til Robin Hood i den amerikanske fjernsynsfilmen Princess of Thieves. På same tid fekk ho ei rolle i thrilleren The Hole som vart send ut som direkte-til-video i USA. Ho opptredde i ein miniserie av Doctor Zhivago for fjernsyn. Serien fekk blanda omtale, men hadde høge sjåartal.
I 2018 vart ho utnemnd til offiser (OBE) av Order of the British Empire for sin innsats for skodespelarkunsten og for velgjerande innsats.[4][5]
Remove ads
Filmografi
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads