Kelly Dulfer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kelly Dulfer (fødd 21. mars 1994) er ein nederlandsk handballspelar frå Schiedam. Ho vart verdsmeister 2019 med Nederland og vann meisterligaen 2025 med Győri ETO. Dulfer er venstre rykkromspelar, eventuelt linjespelar. Ho er ein framifrå forsvarsspelar.
Remove ads
Karriere
Klubbspel
Dulfer spelte frå 2012 til -15, etter tur, ein sesong i kvar av laga Quintus, DOS og Dalfsen. Med Dalfsen vann ho i 2015 både den nasjonale seriemeisterskapen og den nederlandske cupen. Deretter gjorde ho i to sesongar teneste hos tyske VfL Oldenburg. Etter å ha skåra 182 mål på 51 bundesliga-kampar, flytta ho i 2017 til den danske toppklubben København HB. Med København vart ho dansk seriemeister i 2018. Sommaren 2019 byrja ho spele på tyske Borussia Dortmund, eit lag ho vart tysk meister med i 2021. Dei neste tre åra, 2021-24, hadde ho kontrakt med ligarivalane BBM Bietigheim. Alle tre sesongane vart ho tysk seriemeister, i tillegg til at laget sigra i EHF-europaserien 2022 og sikra seg DHB-pokalen i 2022 og 2023. I 2024 skreiv ho kontrakt med ungarske Győri ETO. Med Győri ETO vart ho i 2025 ungarsk seriemeister og vinnar av EHF-meisterligaen 2025.
Landslagsspel
Dulfer fekk sin landslagdebut i oktober 2013. Ho var med i dei nederlandske troppane som tok seg til VM-finalen 2015 og EM-finalen i 2016. I desse kampane gjorde ho seg lite gjeldande, som begge enda med tap mot Noregs sterke mannskap. Dulfer fekk meir speletid då Nederland vann bronsemedalje under både Handball-VM 2017 og Handball-EM 2018, i den siste turneringa vart ho kåra til beste forsvarsspelar. Høgdepunktet med landslaget kom då Nederland vann mot Russland i semifinalen under verdsmeisterskapen 2019 i Japan, for så å slå Spania i sjølve VM-finalen. Pr november 2024 har Dulfer delteke i 198 landskampar og skåra 321 mål for Nederland.
Merittar
- Verdsmeister: 2019 for Nederland
- VM-sølv: 2015 for Nederland
- EM-sølv: 2016 for Nederland
- VM-bronse: 2017 for Nederland
- EM-bronse: 2018 for Nederland
- Vinnar av EHF-meisterligaen: 2025 med Győri ETO
- Vinnar av EHF-europaserien: 2022 med BBM Bietigheim
- Nederlandsk cupmeister: 2015 med Dalfsen
- Nederlandsk seriemeister: 2015 med Dalfsen
- Dansk seriemeister: 2018 med København HB
- Tysk ligameister: 2021 med Borussia Dortmund, 2022, 2023, 2024 med BBM Bietigheim
- Vinnar av DHB-pokalen: 2022 og 2023 med BBM Bietigheim
- Ungarsk seriemeister: 2025 med Győri ETO
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kelly Dulfer» frå Wikipedia på tysk, den 4. juni 2025.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads