Kennedykanalen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kennedykanalen
Remove ads

Kennedykanalen (engelsk Kennedy Channel) er eit sund nord for 80. breiddegrad (80°55′N, 66°30′V) mellom den canadiske Ellesmereøya og den nordvestlege grønlandske halvøya Washington Land. Sundet er mellom 26–29 km breitt og utvidar seg mot nord til 177 km. I Kennedykanalen ligg øyane Crozierøya, Franklinøya og Hans Ø. Sundet er ein del av Naressundet, som knyter Baffinbukta i hop med Lincolnsjøen. Einast nokre veker på seinsommaren kan sundet vere ope for siglas. Elles om året er sundet tilfrose.

Kjappe fakta Land ...

Sundet er kalla opp etter den britiske polarforskaren William Kennedy. Han var i 1854 med på Franklinekspedisjonen.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads