Kenny Gradney
amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kenny Gradney (fødd 10. april 1952) er ein USA-amerikansk bassist og låtskrivar, mest kjend som medlem av bandet Little Feat. Han vart med etter det andre albumet deira, og erstatta den opphavlege bassisten Roy Estrada i 1972.[1] Gradney har vore bassisten deira sidan den gongen.
Sommaren 1970 spelte Gradney som medlem av Delaney & Bonnie & Friends.
I tillegg til arbeidet sitt med Little Feat, har Gradney spelt med fleire andre kjende musikarar, som Delaney & Bonnie, The Flying Burrito Brothers, Bob Weir sitt Bobby and the Midnites,[2] Jazz Is Dead, jazztrommisen Chico Hamilton, Warren Zevon, Robert Palmer, Mick Fleetwood og Carly Simon.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads