Kerem Maharal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kerem Maharal (hebraisk skrift כֶּרֶם מַהֲרַ"ל, tyder Maharal-vingarden) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Atlit og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 566.
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av ei gruppe jødiske holocaustoverlevande, opphavleg frå Tsjekkoslovakia, som immigrerte til Israel med hjelp av Aliya-rørsla etter andre verdskrigen. Han vart bygd på landområdet til den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Ijzim, som vart erobra av IDF i Operasjon Shoter under den israelske sjølvstendekrigen. Han vart kalla opp etter den legendariske rabbien Judah Loew ben Bezalel frå 1500-talet, òg kalla «Maharal».
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads