Kesha
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kesha Rose Sebert (fødd 1. mars 1987 i Los Angeles i Kalifornia i USA), berre kjent som Kesha eller Ke$ha, er ein amerikansk songar og låtskrivar. Debutalbumet hennar, Animal, og den første EP-en hennar, Cannibal, kom ut i 2010. Musikken og imaget til Kesha gav henne umiddelbar kommersiell suksess, og Animal nådde førsteplass på albumlista i USA. To av singlane hennar har kome til topps på den amerikanske singellista, nemleg «Tik Tok» og «We R Who We R», og fleire av dei andre singlane hennar har også hamna på topp 10-lista. Det andre studioalbumet hennar, Warrior, kom ut i desember 2012 og inneheldt den åttande topp 10-hiten hennar, «Die Young».
Sidan debuten har Kesha vorte nominert til over 40 prisar, og vunne meir enn femten. Per november 2013 hadde ho selt over 35 millionar album i USA og 57 millionar album på verdsbasis.[1][2]
Kesha er opent biseksuell og aktiv dyrevernar som har vore involvert i dyreretts-aktivisme og er vegetarianar.[3][4]
Remove ads
Diskografi
- Animal (2010)
- Warrior (2012)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads