Keshorn Walcott

From Wikipedia, the free encyclopedia

Keshorn Walcott
Remove ads

Keshorn Walcott (fødd 2. april 1993) er ein trinidadsk spydkastar som vart olympiameister i øvinga under OL 2012 i London og i verdsmeisterskapen 2025 i Tokyo.

Kjappe fakta

Nittenårgamle Walcott sette personleg rekord med 80,11 m i mai 2012 under eit stemne i Havana. 1. juli forbetra han rekorden til 82,83 m i San Salvador. Han deltok så i verdsmeisterskapen for juniorar i Barcelona, der han vart meister med 78,64 m.

I kvalifiseringa til finalen i spydkast under sommar-OL 2012 kasta han 81,75 m og gjekk greitt vidare. I finalen sette han trinidansk rekord med 83,51 m og leia etter fyrste omgang. Han auka leiinga i andre omgangen med eit kast på 84,58 m. Ingen av dei andre finalekastarane klarte sidan å kaste lengre enn Walcott, nærast var Oleksandr Pjanytsja frå Ukraina som i tredje omgang var berre sju centimeter kortare enn Walcotts lengstekast.

Remove ads

Medaljar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads