VM i friidrett 2019
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdsmeisterskapen i friidrett 2019, den 17. i rekka, vart avvikla på Khalifa stadion i Doha i Qatar i tida frå 27. september til 6. oktober 2019. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 49 øvingar, fordelt på 24 for menn og like mange kvinner. For fyrste gong stod ei fellesøving på programmet, ein 4 x 400 meter stafett med to menn og to kvinner på dei ulike laga. Frå 206 deltakarland var påmeldt 1 772 utøvarar.
Remove ads
Dalilah Muhammad frå USA forbetra sin eigen verdsrekord i 400 meter hekk med tre hundredels sekund til 52,16 sekundar. Fire nye meisterskapsrekordar kom til i meisterskapen. Beatrice Chepkoech frå Kenya presterte 8.57,8 i 3 000 meter hinder, fem dagar seinare fekk landskvinna Hellen Obiri sluttida 14.26,7 på 5000 meter. Same kvelden sprang Nederlands Sifan Hassan i mål på 3.51,9 på 1500 m og kulestøytaren Joe Kovacs frå USA oppnådde 22,91 meter.
Remove ads
Karsten Warholm vann gullmedaljen i 400 meter hekk og vart dermed den fyrste norske utøvaren som forsvarte ein verdsmeistertittel i friidrett. Jakob Ingebrigtsen vart nummer fire på 1500 meter og fem på 5 000 meter og Eivind Henriksen vart sjettemann i sleggjekasting.
Elles enda Ola Stunes Isene på 10. plass i diskoskasting, Sondre Moen på 12. plass på 10 000 meter, Henrik Ingebrigtsen på 13. plass på 5 000 m og Karoline Grøvdal fekk same plassering i 3 000 meter hinder. Amalie Iuel sette norsk rekord på 400 meter hekk i forsøket med tida 54,72 sekundar og vart så slått ut i semifinalane med 10. beste tid. Hedda Hynne vart slått ut i semifinalane på 800 meter med 12. beste tid. Filip Ingebrigtsen rauk ut i semifinalane på 1500 meter med 14. beste tid.
Remove ads
Menn
100 meter
Dato: 28. september
200 m
Finale: 1. oktober
400 m
Finale: 4. oktober
800 m
Finale: 1. oktober
1500 meter
Finale: 6. oktober
5000 m
Dato: 30. september
10 000 m
Finale: 6. oktober
Maraton
Finale: 5. oktober
110 meter hekk
Finale: 2. oktober
400 meter hekk
Dato: 30. september
3000 m hinder
Finale: 4. oktober
4 × 100 meter stafett
Finale: 5. oktober
4 × 400 m stafett
Finale: 6. oktober
20 km kappgang
4. oktober
50 km kappgang
Dato: 28. september
Høgdehopp
Finale: 4. oktober
Stavhopp
Finale: 1. oktober
Lengdehopp
Dato: 28. september
Tresteghopp
Dato: 29. september
Kulestøyt
Finale: 5. oktober
Diskoskast
Dato: 30. september
Sleggjekast
Finale: 2. oktober
Spydkast
Finale: 6. oktober
Tikamp
Dato: 1. oktober
Remove ads
Kvinner
100 meter
Dato: 29. september
200 m
Finale: 2. oktober
400 meter
Finale: 3. oktober
800 m
Dato: 30. september
1500 meter
Finale: 5. oktober
5 000 meter
Finale: 5. oktober
10 000 m
Dato: 28. september
Maraton
Dato: 27. september
100 meter hekk
Finale: 6. oktober
400 m hekk
Finale: 4. oktober
3000 m hinder
Dato: 30. september
4 × 100 meter stafett
Finale: 5. oktober
4 × 400 m stafett
Finale: 6. oktober
20 km kappgang
Dato: 29. september
50 km kappgang
Dato: 28. september
Høgdehopp
Dato: 30. september
Stavhopp
Dato: 29. september
Lengdehopp
Finale: 6. oktober
Tresteghopp
Finale: 5. oktober
Kulestøyt
Finale: 3. oktober
Diskoskast
Finale: 4. oktober
Sleggjekast
Dato: 28. september
Spydkast
Finale: 1. oktober
Sjukamp
2. og 3. oktober
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads