Kevin Young

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kevin Young
Remove ads

Kevin Young (fødd 16. september 1966) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Los Angeles. Han vart olympisk meister 1992 og verdsmeister 1993 i 400 meter hekk. Han sette verdsrekord i øvinga på 46,78 sekundar då han vann OL-gullet i 1992, ein rekord som i 2016 framleis gjeld.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Young debuterte internasjonalt ved Goodwill Games 1986 i Moskva: Han deltok i 1987 i dei panamerikanske leikane, der han kom på andreplass på langhekken. I 1988 kvalifiserte han seg til OL i Seoul, og kom i finalen på fjerdeplass bak sitt store førbilete, Edwin Moses, som i det løpet vann sin siste store meistertittel.

Under VM i friidrett 1991 kom Young atter på fjerdeplass. Året etter sette han ny verdsrekord på tida 46,78 sekundar då han 6. august 1992 sikra seg gullmedaljen under sommarleikane i Barcelona. Han er til dags dato (2016) den einaste utøvaren som har sprunge 400 meter hekk under 47 sekundar. Etter 25 løpssigrar på rad, vart han to veker før verdsmeisterskapen 1993, slått i ei tevling av zambiske Samuel Matete. I verdsmeisterskapen revansjerte Young seg, og vart verdsmeister med Matete på andreplass.

Young var aktiv i fleire år etter 1993, utan å vere i nærleiken av «gammalt» slag.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads