Keys of the Kingdom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Keys of the Kingdom er det fjortande studioalbumet til rockebandet The Moody Blues, utgjeve i 1991. Sjølv om nokre songane minnar om stilen på Sur La Mer, inneheldt ikkje Keys of the Kingdom nokre hitsinglar og markerte byrjinga på den dalande populariteten til The Moody Blues, som dei hadde hatt hos MTV-generasjonen.
På albumet gjekk bandet attende til meir rock-prega stil (liknande The Present) og hella ikkje så mykje mot synthpop som dei to førre albuma. Fløytist Ray Thomas spelte ei større rolle på dette albumet enn han hadde gjort på mange år med eit eige fløytestykke. Bandet nytta framleis mykje trommemaskinar og Graeme Edge spelar berre på tre songar, medan studiotrommeslagar Andy Duncan speler ekte trommer på to andre songar.[4]
Klaverspelar Patrick Moraz fekk sparken frå bandet etter å ha spelt inn berre nokre få songar for dette albumet, og er ført opp som 'ekstra' klaverspelar på omslaget. Etter at Moraz gjekk til søksmål mot bandet, distanserte dei seg frå han på seinare utgjevingar av albumet med til dømes å fjere han frå fotografi han alt var med på. Seinare hadde ikkje bandet ein klaverspelar som offisielt medlem i bandet.
Dette var det siste Moody Blues-albumet før den ekstravagante konserten deira ved Red Rocks og ei rekkje symfoniske turnar med orkester.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Justin Hayward – vokal, gitar
- John Lodge – vokal, bassgitar
- Ray Thomas – vokal, fløyte
- Graeme Edge – trommer, perkusjon
Andre medverkande
- Patrick Moraz – klaverinstrument på «Say What You Mean», «Celtic Sonant» og «Magic»
- Bias Boshell – klaverinstrument, trommemaskin
- Paul Bliss – klaverinstrument, trommemaskin
- Nigel Hitchcock – altsaksofon
- Jamie Talbot – tenorsaksofon
- Pete Beachill – trombone
- Guy Barker – trompet
- Andy Duncan – trommer på «Is This Heaven?» og «Magic»
Remove ads
Salslister
Album
Singlar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads