Kfar Haroeh
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kfar Haroeh (hebraisk skrift כְּפַר הָרֹאֶ"ה, tyder 'Haroehlandsbyen' og Haroeh er eit akronym for HaRav Avraham HaCohen Kook) er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta mellom Hadera og Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 500.
Moshaven vart grunnlagd den 23. november 1933, og vart kalla opp etter Abraham Isaac Kook, den første askenasiske sjefsrabbien i Palestinamandatet. Grunnleggjarane var religiøse jødar som hadde emigrert frå Europa. Landområdet som landsbyen vart bygd på hadde vore kjøpt av Jewish National Fund.
Ein av nabolaga i landsbyen, Beit Hazon, vert rekna som ein eigen fellesbusetnad, men har ikkje slik status i den regionale kommunen.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad (he)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads