Kharimkotan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kharimkotanmap
Remove ads

Kharimkotan (russisk Харимкотан) er ei vulkanøy om lag 13 km frå Onekotan i Kurilane. Øya høyrer til Sakhalin oblast i Russland. Ho er 12 km lang og 8 km brei og har eit areal på 68 km².

Kjappe fakta Land, Område ...

Øya vart danna av vulkanen med same namn som øya. Vulkanen har ei høgd på 1157 meter over havet. På toppen ligg to hesteskoforma krater som oppstod då dei øvre fjellsidene av vulkanen kollapsa. Andre spor på denne kollapsen finn ein på aust- og nordvestsida av øya som består av laus stein. Den andre vulkanen på øya, Severgin, kollapsa i 1933 og skapte ein tsunami. Dette raset er synleg på satellittbilete.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads