Kidderminster
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kidderminster er ein by i Wyre Forest-distriktet i Worcestershire i England. Kidderminster har kring 55 000 innbyggjarar.
Byen ligg rundt 25 km sørvest for Birmingham og ligg ved elva Stour. Byen og området er nemnd i svært gamle kjelder, blant anna avgjorde Offa av Mercia ein tvist om området i 781. Dette førte til at det vart etablert fleire kloster i området, og den tidlegaste namneforma Chedeminstre er nemnd i Domesday Book i 1086. Seinare hadde byen fleire namneformer, som Kedeleministre eller Kideministre (på 1100- og 1200-talet), Kidereministre (framover mot 1400-talet), til dagens namn Kidderminster vart fastsett på 1500-talet.
Plasseringa ved elva, med tilhøyrande utbygging av Staffordshire and Worcestershire Canal, gav byen transporthøve, og særleg teppeindustri vart utvikla utover på 1700-talet. Denne har vore, og er framleis viktig for byen økonomi. Seinare vart byen òg knytt til jernbanenettet.
Remove ads
Kjente folk frå byen
- Richard Baxter (1615–1691), prest og salmeforfattar
- Rowland Hill (1795–1879), lærar og sosial reformist
- Edward Bradley (1827–1889), forfattar
- John Wyer (1909–1989), motorsportsingeniør
- Robert Hamer (1911–1964), regissør og manusforfattar
- Peter Collins (1931–1958), Formel 1-sjåfør
- Robert Plant (1948–), musikar, stiftar av Led Zeppelin
- Alun Evans (1949–), fotballspelar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

