Kinesisk dans
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kinesisk dans er ei svært variert kunstform, som består av mange moderne og tradisjonelle dansesjangrar. Dansane dekker eit stort område, frå folkedans til ulike typar opera og ballet, og kan bli brukt i offentlege feiringar, rituale og seremoniar. Det er òg 56 offisielt anerkjende folkegrupper i Kina, og kvar etniske minoritet i Kina har òg sine eige folkedansar. Utanfor Kina er dei best kjende kinesiske dansane i dag drakedans og løvedans.

Remove ads
Historie

Kina har ei lang historie med dokumentasjon av ulike former for dans. Det eldste kinesiske teiknet for «dans» (舞), , som er skrive i orakelbein, er sjølv ein representasjon av ein dansar som held oksehalar i kvar hand.[1] Nokre kinesiske dansar i dag, som å dansa med lange erme, er registrerte frå dei tidlege periodane, som går tilbake til minst så tidleg som Zhou-dynastiet. Dei viktigaste dansane i den tidlege perioden var rituell og seremoniell musikk og dansar som blei kalla yayue, og desse dansane blei framførte ved keisarhoffet fram til Qing-dynastiet, men overlevde berre i dag som framføringar i konfutsianske seremoniar.
Frå Qin-dynastiet av skipa keisarhoffa ulike byrå som var ansvarlege for innsamling av musikk og dans, opplæring av utøvarar og framføringar ved hoffet, som Musikbyrået og Det kongelege akademiet (Jiaofang).[2] Under Dei seks dynastia (220–589 e.Kr.) var det sterk påverknad frå Sentral-Asia innan musikk og dans. Dansekunsten nådde ein topp i Tang-dynastiet, og dansane i perioden var svært formrike og kosmopolitiske, med særleg utbreiing av sentralasiatiske dansar. Det blei dokumentert ei mengd dansar under Tang-dynastiet, og det fanst titusentals musikarar og dansarar ved keisarpalassa.[3]
Dans som eiga kunstform gjekk tilbake etter Tang-dynastiet. Dans blei teken opp i kinesisk opera, som byrja å ta form under Song- og Yuan-dynastia, og erstatta song- og danseformer frå Sui og Tang.[4] Frå Song-dynastiet blei fotbinding meir og meir populært, og avgrensa rørslene til kvinner etterkvart som bindingane ble stramare. Kjende kvinnelege dansarar blei stadig meir uvanlege etter Song-dynastiet.[5] Større sosiale avgrensingar for kvinner kan også ha ført til at kvinnelege dansarar blei eliminerte av Qing-dynastiet.[6][7] Dans som si eiga kunstform overlevde i stor grad i folketradisjonar. I nyare tider har dansekunsten i Kina hatt ei gjenoppliving, og moderne utviklingar i kinesiske dansar held fram.
Remove ads
Tradisjonelle dansar
Mange av dei tradisjonelle kinesiske dansane har ei lang historie. Dei kan vera folkedansar, eller dansar som ein gong vart utført som rituale eller som underhaldning. Nokre kan ha blitt utførte ved keisarhoffet. Blant dei mest kjende av dei kinesiske tradisjonelle dansane er drakedansen og løvedansen, som begge var kjende i tidlegare dynasti i ulike former. Ei form for løvedans som liknar dagens løvedans blei skildra så tidleg som i Tang-dynastiet, men den moderne forma for drakedans kan ha vore ei meir nyleg utvikling.

I nokre av dei tidlegaste dansane som er registrerte i Kina kan dansarane ha kledd seg ut som dyr og fabeldyr. Under Han-dynastiet blei nokre former for drakedans nemnde. Drakedansane frå Han-dynastiet liknar likevel ikkje den moderne dansen med same namn. Drakedansane som blei nemnde inkluderer ein dans som blir utført under eit ritual for å be om regn på ei tid med tørke, sidan den kinesiske draken var assosiert med regn,[8][9] framsyningar i baixi-varietetsshow der utøvarane kledde seg ut som ein grøn drake som spela fløyte, og framsyningar der fisk blir til ein drake.[10][11] I moderne drakedans blir det nytta ein lett struktur som eit dusin eller så dansarar styrer med stavar plassert regelmessig langs lengda av draken. Nokre utformingar av draken kan vera svært lange og involvera hundrevis av utøvarar. Det finst over 700 ulike drakedansar i Kina.[12]
Det har lagt fram teoriar om at løvedansen blei introdusert frå utanfor Kina, sidan det ikkje finst løver naturleg i Kina.[13] Det føreslåtte opphavet til dansen inkluderer India og Persia, men andre meiner dansen det er ein innfødd kinesisk dans.[14][15][16] Det finst ei detaljert skildring av ein løvedans frå Tang-dynastiet, og dansen blei då rekna som innført frå utlandet, men dansen kan ha eksistert i Kina så tidleg som det på 200-talet.[17] Under Nord- og Sør-dynastia var han knytt til buddhismen. Ein versjon av løvedans som liknar den moderne løvedansen blei skildra av Tang-poeten Bai Juyi i diktet «vestlege liangkunster» (西凉伎), der dansarane brukar eit løvekostyme med trehovud, silkehale og pelskropp, med forgylla auge og sølvtenner, og øyre som rørte seg.[18] Det finst to hovudformer for kinesisk løvedans: Nordleg løve og sørleg løve. Det finst òg ei form for løvedans i Tibet, der ho blir kalla snøløvedans.[19]
Han-kinesiske folkedansar
Folkedans er historisk viktige i utviklinga av dans i Kina. Nokre av dei eldste dansane i hoffrital og seremoniar kan ha utvikla seg frå folkedans. Herskarane frå ulike dynasti samla folkedanser, og mange av dei enda opp som hoffdansar. Men på ulike tider var det òg motvilje mot nokre folkedansar, og nokre keisarar prøvde å forby dei.
Mange av folkedansane er knytte til innhausting og jakt og dei gamle gudane som er knytte til dei. For eksempel blei stjernebildedansen utført for å oppnå så mykje frøkorn som det er stjerner på himmelen, medan harpundansen var assosiert med Fuxi som, ifølgje mytologien, gav Han-folket fiskenett, medan plogdansen var knytt til jordbruksgruden Shennong.[12]
Nokre døme på kinesiske folkedansar:
- Yangge (秧歌), ein dans som er vanleg i Nord-Kina.
- Lanternedans, ein dans som finst i sørlege Kina.
- Errenzhuan (二人转), ein dans frå Nordaust-Kina.

Dansar til etniske minoritetar i Kina
Det er 56 offisielle folkegrupper i Kina, og kvar folkegruppe har sine eigne dansar med eigne karaktertrekk, og fortolkar lokal kultur, livsstil og skikkar i dansen. I tillegg til dagliglivet kan dansane uttrykka indre kjensler ved festivalar og liknande.[20]
Nokre døme på slike dansar er:
- Baishoudans, handgestdans, er ein dans knytt til tujiafolket.
- Mongolsk skåldans (頂碗舞) er ein dans der kvinnelege dansarar balanserer fleire skåler på hovudet medan dei dansar.
- Langtrommedanse (長鼓舞) - ein dans frå yaofolket som inspirerte orkesterverket «Dansen til yaofolket» (Yáozú Wǔqǔ).
- Sanam er ein uigurdans .
- Lhamo er ei tibetansk operaform med dans og song.
Dans i teater

I underhaldningssenter kalla wazi under Song-dynastiet bløma ulike teaterformer. Kinesisk opera byrja å ta form, og dans byrja å bli teken opp i opera. Dansar som «Dansedom» (舞判, også kalla Zhong Kui-dansen, 跳鐘馗) blei operastykke i Ming-dynastiet, i tillegg til dansar av Song-dynastien som «Flaggflagringa» (撲旗子). Andre dansar som finst i opera inkluderer Sverddansen. Kinesiske opera blei svært populære under Yuan-dynastiet, og dansane blei absorberte i opera over dei neste hundreåra.
Rituell dans
Dei fleste tidlege dokumenterte dansane frå Kina var rituelle eller seremonielle dansar, og desse dansane utgjorden yayue, som fekk stor tyding i hoffsamanheng. Desse dansane har stort sett forsvunne frå moderne han-kinesisk kulturen, sjølv om det framleis finst rituelle dansar i nokre folketradisjonar blant etniske minoritetar i Kina.
- Yi-dans (佾舞, bokstaveleg ‘rekkedans’) var opphavleg ein hoffdans, men blei omdanna til å bli ein del av ein konfutsiansk seremoni. Denne gamle dansen kan utførast med rekker av dansarar som held fasanfjører og sivfløyter i ein kvadratisk formasjon (sivil dans) eller dei kan halde ei skjold og ein stridsøks (militær dans). Tradisjonen med å dansa medan dei held ting som fjører går tilbake til Shang-dynastiet.[21] Den viktigaste seremonien blir utført med 8 radar av 8 dansarar (åtte-yi-dans, 64 dansarar i alt). Opphavleg blei dansane berre utført i 6 radar med dansarar (36 dansarar i alt) i konfutsianske tempel, ettersom 8 rader var avgrensa til keisarhoffet,[22][23] men seinare blei det gjeve løyve til å framføra 8-radsdansen på grunnlag av at Konfutse blei gjeven tittelen «konge» av ein keisar.[24] Det blir framført moderne versjonar av slike dansar for turistar ved det konfutsianske tempelet i Qufu.[25] Denne konfutsianske dansen blir òg framført i Taiwan og Korea.
- Nuodansar (儺 舞) er dansar med masker som kan utførast i nuo-drama eller som rituale under festivalar for å drive vekk vonde ånder.[26]
- Cham-dansen er ein tibetansk buddhistisk dans med maske og kostyme.

Treningsdans
Ifølge Lüshi Chunqiu blei det skapt ein dans under keisar Yao som ei øving for folk til å halda seg friske etter ein lang periode med vått vêr.[27] Tradisjonelt kan nokre kinesiske dansar òg ha hatt tilknytingar til kampsportar som blei nytta til å trena kampdugleikar i tillegg til helsa, og nokre kampsportøvingar, som tai chi eller qigong, likner koreograferte dansar.[28] I moderne Kina er det vanleg å finna folk som brukar dans som ei form for trening i parkar.
Dansetruppar
Kina nasjonale etnisk song og danseensemble blei skipa i 1952 av Zhou Enlai.[29] Det representerer dansane til ulike nasjonale minoritetar.
Remove ads
Moderne og vestlege dansar

Ballett
Den fyrste ballettskulen i Kina, Beijing danseskule, blei grunnlagd i 1954 med Dai Ailian som rektor. Han hadde nokre framifrå russiske lærarar, som Pjotr Gusev, som innførte det russiske opplæringssystemet.[30] I dei neste åra blei det oppført ballettar som Svanesjøen og Romeo og Juliet.[31] Wuju, ei form som blandar ballett og tradisjonelle innverknader, dukka òg opp i denne perioden.[32] Den nasjonale balletten i Kina blei grunnlagd den siste dagen av 1959 som det eksperimentelle balletkompaniet til Beijing danseskule.[30] Under den kulturelle revolusjonen under kontroll av Madame Mao kom det fram revolusjonære modelldrama, og repertoaret blei til slutt redusert til to ideologiske ballettar - Den raude avdelinga av kvinner og Den kvithåra jenta. Etter at Firarbanden fall, byrja ballettselskapet å endra retning og tok opp att dei klassiske vestlege ballettane. Det utvida også repertoaret sitt til å inkludera meir moderne balletter frå heile verda.[30]

Moderne dans
Dei fleste profesjonelle folke- og klassiske danseformene i Kina er inspirerte av tradisjon, men er moderne tolkingar av han. Mange dansar som blir presenterte som tradisjonelle på teater og fjernsyn er moderne fantasiar kring gamle dansar som nyttar moderne koreografi, for eksempel den kjende regnbogefjørkjoledansen frå Tang-dynastiet. Dunhuangdans er ei moderne framsyning inspirert av fresker frå Dunhuang-grottene.
Selskapsdansar
Vestleg selskapsfans blei populær på 1900-talet. Tidlegare hadde det ikkje vore tillate for menn og kvinner frå respektable familiar å dansa saman.[33] Danseforma var populær på nattklubbar i Shanghai på 1940-talet, og dei tidlege kommunistiske leiarane som Mao Zedong og Zhou Enlai var òg ivrige selskapsdansarar etter sovjetisk stil. Selskapsdansane forsvann etter kulturrevolusjonen, og blei erstatta med massive gruppdanser som yangge-dans. Selskapsdansane dukka likevel opp att etter at Kina blei liberalisert seinare på 1900-talet, og det er no vanleg å sjå dei framførte av mange folk i offentlege parker om morgonen som ei form for mosjon.[34]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads