Kinesjma
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kinesjma (russisk Кинешма) er den nest største byen i Ivanovo oblast i Russland med om lag 80 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 90 km nordaust for Ivanovo og strekkjer seg over 15 kilometer langs Volga.
Remove ads
Historie
Kinesjma vart første gong nemnt som ein posad i 1429. I 1504 gav Ivan III han til fyrst Fjodor Belskij, som flykta til Moskva frå Litauen og gifta seg med niesa til Ivan. Seinare gav Ivan den grufulle Kinesjma til Ivan Sjuiskij, men etter sistnemnte døydde vart han returnert til tsaren i 1587. På 15- og 1600-talet var Kinesjma eit viktig fiskerisenter, som leverte stør til tsaren. I 1608 vart byen plyndra to gonger av polakkane. Frå 1700-talet har hovudindustrien i byen vore framstilling av tekstilar.
Remove ads
Attraksjonar
Det viktigaste landemerket i Kinesjma er Treeiningskatedralen, bygt i 1838–1845 i ein typisk nyklassisistisk arkitektur. Det er òg fleire 1700-talskyrkjer i byen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads