Kinetikk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Kinetikk er i fysikk og ingeniørvitskap ei grein innan klassisk mekanikk som omhandlar forholdet mellom rørsla til lekamar og kva som skapar dei, nemleg krefter og dreiemoment.[1][2] Kinetikk må ikkje forvekslast med kinematikk, som er studiet av rørsle utan å ta omsyn til kva som skapar rørsla,[3] og som er ei eiga grein i klassisk mekanikk.

Sidan midten av 1900-talet har ein i stor grad nytta «dynamikk» (eller «analytisk mekanikk») i staden for «kinetikk» i lærebøker om fysikk, men «kinetikk» vert framleis mykje nytta innan ingenørvitskap.

I mekanikk vert kinetikk utleia frå kinematikk ved å innføre omgrepet masse.

I plasmafysikk syner kinetikk til studiet av kontinuum i snøggleiksrom. Dette finn ein som regel i samanhengar som omhandlar ikkje-termale (ikkje-maxwellsk) fartsfordelinga, eller prosessar som perturberer varmefordelingar.

Omgrepet kinetikk vert òg nytta i kjemisk kinetikk, særleg innan kjemikalsk fysikk og fysikalsk kjemi.[4][5][6][7][8]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads