Njaruanda

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Njaruanda er eit bantuspråk i nigerkongo-familien som primært blir snakka i Rwanda, der det er eit offisielt språk, og dessutan i sørlege Uganda og tilgrensande område av Den demokratiske republikken Kongo. Njaruanda er innbyrdes forståeleg med rundi, som blir snakka i Burundi.

Kjappe fakta

I likskap med dei fleste andre språk i Afrika sør for Sahara er njaruanda eit tonespråk. I likskap med andre bantuspråk er det eit agglutinerande språk og har eit nominalklassesystem.

Remove ads

Morfologi

Substantiv

Njaruanda har, som alle bantuspråk, eit system med substantivklassar, der kvart substantiv høyrer til to klassar, ein for eintalsforma og ein for fleirtalsforma. Klassetilordninga for dei ulike substantiva er avhengig av tydinga til ordet, og går fram av prefikset, der kvart ord i same klasse har same prefiks. Prefiksa varierer også med grammatisk funksjon, som vist i tabellen. Njaruanda har 16 ulike substantivklassar.

Meir informasjon Klasse, Prefiks ...


Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads