Kirov i Kirov oblast

by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia

Kirov i Kirov oblast
Remove ads

Kirov (russisk Ки́ров)[a] er ein by og administrativt senter i Kirov oblast i Russland. Byen ligg ved elva Vjatka og har om lag 470 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Remove ads

Historie

Fortet Khlynov, like vest for Uralfjella, vart grunnlagt av handelsmenn frå Novgorod i 1374. Han vart første gong nemnd som by i dokument frå 1457. Khlynov vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva i 1489. Byen vart kjent over heile Russland for sine leirstatuettar og fløyter. Det eldste gjenverande monumentet i byen er Maria himmelfarts-katedralen frå 1689, som er krona med fem kuplar.

I 1781 døypte Katarina den store Khlynov til Vjatka og gjorde byen til senter i eit eige gubernija. Byen gjorde òg teneste som eksilstad, spesielt for Aleksander Herzen og Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin. Ved slutten av 1800-talet var han ein viktig stasjon på den transsibirske jernbanen. I desember 1934 vart byen kalla opp etter den sovjetiske leiaren Sergej Kirov, som vart myrda 1. desember.

Remove ads

Økonomi

Kirov er eit senter for maskinbygging, metallurgi, belysning, trykkeri og tømmerindustri.

Byen er eit regionalt transportknutepunkt (den transsibirske jernbanen) og elvehamn. Kirov elvehamn gjekk konkurs sist på 1990-talet og alle elvebåtane vart seld. Kirov har vore kjent i naboregionane for sine særs dårlege vegar og gater.[1]

Flyplassen til byen er Kirov Pobedilovo lufthamn. På 1990-talet var denne lufthamna stengd og i årevis var det ingen rutefly som gjekk nokon stad. Rundt 2003 prøvde fleire selskap å starte flygingar frå Kirov til Moskva og Krasnodar i sommarsesongane og frå 2006 flyr eit lokalt selskap ruta til Moskva.

Remove ads

Merknader

  1. Frå 1781 til 1934 kjend som Vjatka (kyrillisk Вятка) og før 1781 Khlynov (kyrillisk Хлынов)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads