Kirsty Coventry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kirsty Leigh Coventry Seward (fødd 16. september 1983 i Harare) er ein zimbabwisk symjar, politikar og idrettsleiar. Ho blir den 10. presidenten i Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) i 2025, og blir dimed den fyrste kvinna og den første afrikanaren som vert vald til denne stillinga.[1] Coventry har sidan september 2018 vore minister for ungdom, idrett, kunst og rekreasjon i regjeringa i Zimbabwe. Som tidlegare olympisk symjar og verdsrekordhaldar er ho den mest dekorerte olympiske utøvaren frå Afrika.
Coventry vart fødd i Harare og konkurrerte i symjing medan ho studerte ved Auburn University i Alabama i USA.[2] Under sommar-OL i 2004 i Aten vann ho tre olympiske medaljar: ein gull-, ein sølv- og ein bronsemedalje.[3] I sommar-OL i 2008 i Beijing vann ho fire medaljar: éin gull- og tre sølvmedaljar. Paul Chingoka, leiar for den zimbabwiske olympiske komitéen, omtala ho som «vår nasjonalskatt». Zimbabwes president Robert Mugabe kalla ho «ei gulljente» og gav ho personleg 100 000 amerikanske dollar for innsatsen hennar i OL i Beijing i 2008.[4][5]
I 2016 la Coventry opp som symjar etter sitt femte OL. Ho hadde då vunne flest individuelle medaljar i olympisk symjing for kvinner, delt med Krisztina Egerszegi. Ho vart medlem av IOK og vart i 2018 vald til leiar for IOK sin utøvarskommisjon, som representerer alle olympiske utøvarar globalt.[1]
Remove ads
Symjekarriere
Sommar-OL 2000 og 2004
I 2000, medan ho framleis gjekk på vidaregåande skule, vart Coventry den første zimbabwiske symjaren til å nå semifinalane i OL. Same år vart ho kåra til Årets idrettskvinne i Zimbabwe.[6][7]
I OL 2004 i Aten vann ho tre medaljar, inkludert gull på 200 meter rygg. Ho blei den fyrste zimbabwiske utøvaren til å ta olympiske medlajar.[8][9][10][11]
College-karriere
Som student ved Auburn University bidrog Coventry til at laget vann National Collegiate Athletic Association (NCAA)-meisterskapen i 2003 og 2004. I 2005 vart ho toppscorar i NCAA-meisterskapen og tok tre individuelle titlar: 200-yard og 400-yard individuell medley (IM) og 200-yard rygg for andre år på rad. Ho vart kåra til College Swimming Coaches Association sin Symjar av meisterskapen. Andre prisar ho fekk inkluderer Southeastern Conference (SEC) Årets symjar 2005 og SECs kvinnelege utøvar for 2004–05. Ho mottok også Honda Sports Award for symjing og stuping.[12][13]
Verdsmeisterskapane i 2005 og
I VM 2005 i Montréal forbetra Coventry medaljeuttellinga si frå OL 2004 ved å vinne gull på 100 m og 200 m rygg, samt sølv på 200 m og 400 m individuell medley. Ho forbetra også OL-gulltida si på 200 m rygg med 2.08,52.
I 2006 fullførte ho ein Bachelor of Science i hotell- og restaurantleiing ved Auburn University.[14]
I VM 2007 i Melbourne vann Coventry sølv på 200 m rygg og 200 m individuell medley.

2008 og 2009-sesongane
I 2008 sette Coventry sin første verdsrekord på 200 m rygg under Missouri Grand Prix. Ho slo den gamle rekorden frå 1991. Ho vart den tredje kvinna i historia til å symje 100 m rygg på under eitt minutt og den andre til å symje under 59 sekund. Under kortbane-VM i Manchester same år sette ho fleire meisterskapsrekordar og verdsrekordar.
I OL 2008 i Beijing vann ho sølv på 400 m individuell medley og slo verdsrekorden, men vart slått av Stephanie Rice. Ho forsvarte olympiatittelen sin på 200 m rygg og sette verdsrekord med 2.05,24.[15]
President Mugabe tildelte ho 100 000 amerikanske dollar for prestasjonane hennar, men Coventry gav pengane til veldedige føremål.[16]
I VM 2009 i Roma vann Coventry gull på 200 m rygg med verdsrekord og tok sølv på 400 m individuell medley.
Sommar-OL 2012 og 2016
I OL 2012 i London nådde ho finalen på 200 m individuell medley og 200 m rygg, men vart nummer seks i begge.
I OL 2016 i Rio de Janeiro konkurrerte ho for femte og siste gong i OL. Ho vart nummer seks på 200 m rygg, same plassering som i 2012.[17] Etter OL 2016 la ho opp.[18]
Remove ads
Politisk karriere
Den 7. september 2018, åtte dagar før ho fylte 35 år, vart Coventry utnemnd til minister for ungdom, idrett, kunst og rekreasjon i Zimbabwes regjering under president Emmerson Mnangagwa.[19] Ho har fått kritikk frå kunstmiljøet og andre for det dei meiner er mangel på handling og støtte.[20]
Coventry vart skulda for å ha fått tildelt feil jordeigedom av Robert Zhuwao, nevøen til tidlegare president Robert Mugabe, men ho vart seinare frikjent då retten konkluderte med at ho hadde fått ein heilt annan del av garden enn den Zhuwao hevda.[21]
I september 2023 vart Coventry gjenoppnemnd som Zimbabwes minister for idrett, kunst og rekreasjon av president Mnangagwa.[22][23]
Remove ads
Den internasjonale olympiske komitéen (IOK)
I 2012 vart Coventry vald inn i IOK sin utøvarskommisjon for ein åtteårsperiode.[24] I 2023 vart ho vald inn i IOC sitt eksekutivkomité. I september 2024 vart ho ein av sju kandidatar til å etterfølgje Thomas Bach som IOC-president.[25]
Presidentperiode
Den 20. mars 2025 vart Coventry vald til president i IOK, og vart med det den fyrste kvinna og den fyrste afrikanaren i rolla.[1][26] Ho vart òg den nest yngste personen og den andre olympiske medaljevinnaren som nokon gong har blitt vald til stillinga.
Privatliv
Coventry vart fødd i Harare i 1983[27] til Robert Edwin og Lyn Coventry.[28] Ho gjekk på Dominican Convent High School i Harare fram til 1999.[29] Den 10. august 2013 gifta ho seg med Tyrone Seward,[30] som hadde vore manageren hennar sidan 2010. I mai 2019 fekk paret sitt første barn.[31]
Symjeresultat og utmerkingar
Med sju olympiske medaljar er Coventry den mest dekorerte olympiske utøvaren frå Afrika. Då ho la opp, delte ho rekorden for flest individuelle olympiske medaljar i symjing for kvinner med Krisztina Egerszegi, ein prestasjon som sidan har blitt tangert av Katie Ledecky.[32] Coventry deltok i fem OL frå 2000 til 2016 og vann alle Zimbabwes olympiske medaljar utanom éin.
Ho vart innlemma i International Swimming Hall of Fame i 2023.[33]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads