Kiryat Ekron

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kiryat Ekron
Remove ads

Kiryat Ekron eller Qiryath Eqron er ein by på kystsletta i det sentrale Israel. Kiryat Ekron er kalla opp etter den bibelske byen Ekron, ein stor filistarby som ein gong eksisterte nær Tel Mikne.[1]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Kiryat Ekron vart grunnlagd i 1948, som Kfar Ekron. Etter krigen slo nye immigrantar frå Jemen og Bulgaria seg ned i dei gjenverande husa. I november 1948 vart det grunnlagd to ma'abaraar på området til landsbyen, Aqir ma'abara og Givat Brenner ma'abara. I 1953 vart Aqir ma'abara offisielt ein del av Kfar Ekron, Givat Brenner ma'abara i 1955. Frå 1954 til 1963 høyrte Kfar Ekron til Givat Brenner regionale kommune. I 1963 vart namnet på byen endra til Kiryat Ekron og han vart ein sjølvstendig lokal kommune.[2]

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå var folketalet i Kiryat Ekron 9 800 i 2004.

Kiryat Ekron ligg like sør for byen Rehovot langs hovudveg 411. Det største handelssenteret i Israel, Bilu Centre, ligg i Kiryat Ekron. Senteret vart bygd ut seint i 1990-åra på landområde som tidlegare var jordbruksland, særleg sitruslundar. Ein prøvde å slå Kiryat Ekron saman med Rehovot i 2003, men innbyggjarane protesterte og han vart verande sjølvstendig.

Remove ads

Venskapsbyar

Kiryat Ekron er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads