Kiryat Tivon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kiryat Tiv'on (hebraisk skrift קִרְיַת טִבְעוֹן}}, òg Qiryat Tiv'on) er ein by i Haifa distrikt i Israel, i åsane mellom Zvulun- og Jezreeldalen. Kiryat Tiv'on ligg 15 km søraust for Haifa, langs hovudvegen til Nasaret. I utkanten av Tiv'on ligg ein beduinsk by kalla Basmat Tab'un. Kiryat Tivon har eit folketal på 16 000.[2]
Remove ads
Historie

Kiryat Tiv'on vart grunnlagd i 1958 då tre mindre busetnader vart slått saman: Tiv'on (grunnlagd i 1947), Kiryat Amal (grunnlagd i 1937) og Elro'i (grunnlagd i 1935). Kiryat Haroshet, som vart grunnlagd av ein rabbinar frå Jablona i Polen som slo seg ned der med følgjaren sine i 1935, vart ein del av Kiryat Tiv'on i 1979.
Tiv'on vart bygd på landområde eigd av eit britisk, jødisk par som kjøpte området tidleg i 1945. Seinare vart det utvikla av Jewish National Fund basert på ein byplan teikna av Alexander Klein, ein russisk-jødisk arkitekt som fekk jobben av Jewish National Fund.[3]
Remove ads
Landemerke
Byen er mest kjend for nasjonalparken Beit She'arim, som ligg sørvest for byen. Beit Shearim var eit viktig jødisk, andeleg senter og nekropolis i romartida og ein gong setet for Sanhedrin.
Venskapsbyar
Kiryat Tiv'on er venskapsby med:
Braunschweig i Tyskland[4]
Compiègne i Frankrike
Čakovec i Kroatia
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads