Kishon
elv i Israel From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kishon (hebraisk נחל הקישון, arabisk Nahr el-Mokkat)[1][2] er ei elv i Israel som flyt ut i Middelhavet ved byen Haifa.
Remove ads
Løp
Kishon er 70 km og flyt året rundt. Ho spring ut i Gilboafjella og flyt vest-nordvestover gjennom Jezreeldalen, før ho munnar ut i Haifabukta i Middelhavet.[3]
Historie
Kishon er nemnt to gonger i Bibelen. Første kongeboka 8:40 nemner avrettinga av profetane frå Baal etter ordre frå Elias og i Domarane 5:21 vaskar Kishon bort den kanaanittiske hæren.
Etter slutten av første verdskrigen var det ein auke i talet på jødiske kolonistar i Palestina under den tredje Aliyah. Dei som kom til Haifa vart haldne i karantene i teltleirar ved munningen av Kishon. Mange vart infisert med malaria som området var frykta for.[4] Under Det britiske mandatet vart området industriområdet i Haifa med eit energiverk, jernbaneverkstad og eit oljeraffineri for Iraq Petroleum Company.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads