Kitikmeot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kitikmeot (inuktitut Qitirmiut, ᕿᑎᕐᒥᐅᑦ) er ein av dei tre administrative regionane i Nunavut. Han består av dei sørlege og austlege delane av Kitlineq, det nærliggande fastlandet i aust til Boothiahalvøya, Qikiqtaq og den sørlege delen av Prince of Wales Island. Hovudbygda er Cambridge Bay. Regionen hadde 5 361 innbyggarar ved folketeljinga i 2006.
Buplassane i Kitikmeot er Cambridge Bay (Iqaluktuuttiaq), Gjoa Haven, Kugaaruk, Kugluktuk, Taloyoak, Bathurst Inlet og Umingmaktuuq.
Før Nunavut vart oppretta i 1999 var Kitikmeot ein administrativ region i Nordvestterritoria, og omfatta då eit noko større område.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads